Tysnes: Lokale gourmetopplevelser

Guri
Tysnes: Lokale gourmetopplevelser

Matkultur

Myrdal gard Det er eit must å besøka Myrdal gard når du er på Tysnes. Her får du kjøpt nydeleg pizza frå vedfyrt omn, med ei rekkje spanande ostar og smakar. Heimelaga tapas er også å finna på menykartet, om du vil ha noko salt og godt. Ta gjerne ein tur til Tysnessåto først, så smakar maten ekstra godt! I gardsbutikken kan du elles la deg freista av lokalproduserte produkt som ost, yoghurt, iskrem, egg, kjøt og fersk bakst. Myrdal gard sel også syltetøy, saft og pølser frå andre lokalmatprodusentar.
Myrdal Gard
202 Myrdalsvegen

Haaheim Gaard På Haaheim Gaard er mat med historie og lokal forankring sentralt i alle gjestebod. Hotellet har eigen gartnar som skapar hagen om til eit matfat, kor ein kan hausta urter, grønsaker, frukt og bær. Kvart selskap vert sydd saman i lag med gjestene. Vel mellom 3 rettars, 5 rettars eller 7 rettars meny, med mellom anna vin frå vinkjellaren, Haaheim sitt eige øl eller eplemost frå Hardanger. Kokkane varierer menyen fra dag til dag.
11 místní doporučují
Haaheim Gaard
182 Dalsvegen

Mandelhuset Som ei kvit perle, heilt i sjøkanten i Våge, ligg Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidlegare landhandel og kai for fjordabåtane. No er det ein lun og koseleg restaurant der kjøkenet bruker lokale råvarer. Kjøkenet sin spesialitet er gode rettar med ekte smakar, laga utan snarvegar. Maten skal vera god, mettande og laga av lokale, ferske råvarer. Kokkane får fisken og skaldyra rett på kaien frå lokale fiskarar. Poteter og storfe kjem frå nabogarden.
Mandelhuset

E H Vaage landhandleri, bageri og dampskibsexpedition Sjokoladefabrikk og lokalmatutsal i Uggdal, som berre må opplevast! Handelsplassen er i dag som eit levande museum, der ein kan sjå korleis ein handelsstad kunne vera for 100 år sidan. E H Vaage har alltid mykje godt i hyllene - alt frå konfekt og makronar til heimelaga syltetøy. Er du heldig får du kanskje kjøpt ferske donuts eller anna bakst. Ute er det sitjeplassar med flott sjøutsikt.
E.H. Vaage Landhandel, bageri & dampskibsexpedition
E H Vaage landhandleri, bageri og dampskibsexpedition Sjokoladefabrikk og lokalmatutsal i Uggdal, som berre må opplevast! Handelsplassen er i dag som eit levande museum, der ein kan sjå korleis ein handelsstad kunne vera for 100 år sidan. E H Vaage har alltid mykje godt i hyllene - alt frå konfekt og makronar til heimelaga syltetøy. Er du heldig får du kanskje kjøpt ferske donuts eller anna bakst. Ute er det sitjeplassar med flott sjøutsikt.
Laukhamar Fritid på Skorpo serverer god tradisjonsmat, mellom anna rettar med sau/lam frå eigen produksjon. Ope for søndagsmiddag om lag to gongar i månaden (følg med på Facebook). Utanom dei annonserte opningstidene tek vertskapet imot bestillingar på selskap og overnatting heile året. I det lyse og trivelege selskapslokalet er det plass til ca 70 personar. Tlf: 993 31 168
Laukhamar Fritid
609 Skorpevegen

Øyas beste kebab

Kompasset Bar og Spiseri Hos Kompasset Bar og Spiseri i Uggdal kan du nyta ein saftig burger på bryggekanten. Eller kanskje du vil prøva den populære rullekebaben deira? Is, slush og andre godsaker er også å få kjøpt her, og sola skin på uteserveringa til langt på kveld. Kjem du med båt kan du leggja deg ved gjestebrygga. Kompasset tilbyr også catering ved bestilling på førehand. Tlf: 458 34 303
Kompasset Bar og Spiseri
16 Heningen

Lokal kafe

Kafeen på OnarTun Ein i utgangspunktet ubemanna kafe, der du kan forsyna deg av gratis kaffi. Du får også kjøpt deilig soft-is, om du tek kontakt med beteninga i Joker-butikken. Kafeen er for alle, og er ein fin stad for å ta seg ein pust i bakken. Tlf: 53 43 07 00 (Joker Onarheim)
Onartun

Gjestehavn og kafe

Flytenaustet Som eit midtpunkt i hamna i Våge ligg Flytenaustet - Tysnes kommune sin turistinformasjon. Her er det både isbar, nysteikte vaflar og Tysnesfest-butikk. Ope frå medio juni til medio august, tysdag-søndag. Tlf: 53432100 (Mandelhuset, driftar)
Våge Hamn
37 Fylkesveg 575